Siri M. Kvamme
Foto: Marte Rognerud
SD

Hei, du

Velkommen til heimesida mi. Eg er skribent og tekstforfattar, men skjønnlitteraturen ligg mitt hjerte aller nærast. Hausten 2008 kom min første roman, Vinterhjerte, ut på Cappelen Damm. Viss du trykker
her, kan du lese meir om den.

I vår fekk eg kulturstipend frå Haugesund kommune. Så det var stas. Og i juni er eg månadens forfattar i Vaksdal kommune, min heimkommune.

Det er kjekt å bli sett og å bli sett pris på. Spesielt når ein sit slik åleine og skriv. No ser eg fram mot sommaren, då skal eg levere eit førsteutkast til redaktøren min. Den handlar om ein fyr eg fann i skogen ein kveld. Han har sitt å stri med, for å seie det slik. Eg er alt godt i gang, så eg trur det vert ny bok våren 2011. 

Enn så lenge, kan du jo lese Vinterhjerte, og viss den rører ved noko i deg, viss den får deg til å gråte eller le, så sei det gjerne til venner og kjente!