
Eg vart fødd i 1975 og vaks opp på Stanghelle, ei lita bygd mellom Bergen og Voss. Eg har fått høyra at eg var eit snilt barn, ei flink jente med velutvikla fantasi, sterk vilje og eit eksplosivt temperament. Stort sett gjekk det greitt. Eg var sjenerøs, lettledd og kravstor, samtidig som eg likte å synga, gå i fjellet, kle meg ut og fortelja historier. Eg hadde venner, men det var ofte like gøy å vere åleine. Eg kunne arrangere store festar i fasjonable New York på 1920-tallet, medan det for utanforståande nok såg ut som om eg sat mutters åleine på rommet mitt eller i hagen. Ein gang sa eg til faren min at livsmottoet mitt var ”den gylne middelveg”. Då lo han godt.
Bratte fjellsider rammar inn Stanghelle og eg brukte store delar av barndomen på å sjå føre meg kor det var best å stå, dersom fjella skulle falle overende. Kvar var midten? Og var begge fjella like høge? Som om ikkje det var nok, var eg hellig overbevist om at det budde ein sjøorm i elva og at det var hai i fjorden. (Inspirert av livlege draumar og haisommer på video. Eg drøymde også ein gong at eg møtte A-ha på skulevegen ein morgon og fekk autografen. Eg var jo ikkje sikker då eg vakna, men leita lenge etter den vesle papirlappen, før eg innsåg at det berre hadde vore ein draum.) Med ein så livlig fantasi, seier det seg sjølv at skulestilane vart lange. Faktisk så lange at eg fekk med lapp heim om at eg måtte skriva kortare stilar. Men stort sett skein sola og eg stod på ski, kjørte slalom, jogga, turna, spelte tverrfløyte og trena friidrett. Det var heller ikkje få timar som vart tilbrakt på rommet med ei bok eller ti. Den litterære smaken har utvikla seg frå eventyr og Isfolket, via Bjørg Vik til Marguerite Duras, Siri Hustvedt, Jon Fosse, Solvej Balle, Trude Marstein og mange fleire.
Om somrane reiste vi til Syden. Eg visste aldri nøyaktig kvar vi skulle, kva land det var, men det var då heller ikkje så nøye. Ikkje for meg i vert fall. Så lenge symjebasseng på hotellet ikkje var firkanta, det var viktig, helst skulle det vere ei øy i symjebassenget og heile vinteren låg eg på senga, drøymde meg vekk til varmare strøk og bladde i sydenkatalogar og no skjønar eg ikkje korleis eg klarte å sjå forskjell frå eit hotell til eit anna, men det gjorde eg altså. Etter at vi hadde vore i Syden og slikka sol og spist på restaurant og mor mi var så brun og lekker som ho kunne bli og far min likeeins, kom vi heim og reiste snart til Andøya. Der var det kjekt. Og heilt annleis. Ut i havgapet og endelause, kvite strender. Men vatnet var like kaldt som på Stanghelle, minst, så eg kan ikkje hugse at vi nokon gong bada der. Men gøy hadde vi det, og middag åt eg to gonger om dagen. Mor stekte ferske vaflar til frukost og innimellom gjekk me på kafé og eg åt teriaspesial og drakk litervis med raudbrus. Eg hugsar eg kjørte trøkk inne på det kalde lageret og sorterte flasker ute i den varme butikken. Og framleis lengtar eg til Andøya når eg høyrer lyden av måker og kjenner den friske lukta av hav.
Då eg begynte på gymnaset forstod eg for alvor at eg kunne skriva for min eigen del. Det første diktet skreiv eg ein solskinnsdag mens eg kikka opp på ei sky som gjekk i oppløysing. Då var det gjort. Hundrevis av hjerte-smertefylte dikt seinare var eg godt inne i litteraturpensumet på Universitetet i Bergen. Men det var ikkje nok å lese, eg ville skrive. Og det gjorde eg, hele tida, på alt eg kunne komme over. Framleis likar eg best å notere på brukte konvoluttar som eg rotar frem frå papirbosset. Notatbøkene mine er eit einaste stort rot, så der finn eg ingenting igjen, men står noko på ein konvolutt, stikk den seg ut, og har ein tendens til å dukke opp når eg treng den som mest. Flotte, dyre notatbøker vert liksom for fine. Ingenting er godt nok til å skrivast i dei.
Midt i grunnfag litteraturvitskap kom eg inn på Forfattarstudiet i Bø, der eg skreiv mange dårlege og éin god tekst, den danna grunnlaget for debutboken min som kom fem år seinare, kortprosasamlinga Raud og frå seg. Eg var ikkje så opptatt av å bli lest, men såg på teksten som eit landskap eg ville skriva meg inn i. At det tok fem år å skrive den boken, skulle ein ikkje tru, då den berre er 67 sider. Det var fem år med skrivesperrer, glimt av inspirasjon og våkenetter, mange, tronge hyblar, latter, gråt, øl og mykje tenners gnissel. Når bankkontoen var tom, skreiv eg reportasjar, artiklar og bokmeldingar for Bergens Tidende. På Litterär Gestaltning i Göteborg løsna det, og boka vart klar for verda. Viss nokon har lyst å gå på skriveskule, vil eg absolutt anbefale Göteborg. Det er intenst, uhyre profesjonelt og veldig lærerikt.
Den same sommaren som eg kom inn i Göteborg, møtte eg Trond. Han er kjærasten min og far til mine to barn. Det var vel også omtrent då eg fann ut at det kan vere greitt å tene litt pengar. Særleg viss ein vil bu godt, ete godt, likar fine ting og vil reise. Har ein mykje tid, men lite pengar, blir ein likevel ikkje så fri som ein kanskje skulle ønske. Ergo ringte eg rundt til alle reklamebyråa i Bergen, fekk napp hos nokre og så var eg i gang med å skrive reklametekstar. Det skulle det vise seg at eg var god på, og ryktet gjekk. Noko særlig til skjønnlitterær produksjon vart det ikkje dei neste åra. Men eg og Trond fekk altså først eitt barn, flytta frå byen i mitt hjerte til Haugesund. Ny ringerunde til lokale reklamebyrå og så fekk eg jobb som tekstforfattar og journalist i Haugalandets største reklamebyrå. Kjekke folk og morosame arbeidsoppgåver, men altfor lita tid til å gjere jobben slik eg helst ville. Stress og meg viste seg å vere eit umake par og eg lengta snart ut av åtte-til-fire-tilværet.
I tillegg pressa det på med skjønnlitterært stoff. Eg hadde så mange idéar, det var så mykje eg ville skrive. Plutseleg sat eg på jobb og skreiv mail heim til meg sjølv med idéar til noveller, romanar, skodespel og gud veit kva. Då var det berre å stue pakkenellikane i ein sekk, seie opp og begynne å skrive på det eg verkeleg ville; mine eigne tekstar. Januar 2007 begynte eg på Vinterhjerte, vart gravid og skreiv som besett gjennom svangerskap, fødsel og permisjon. Kvar gong sonen min lukka augo og glei inn i søvnen, sprang eg opp på det fine skriveloftet mitt og hamra laus på tastaturet. Året i reklamebyrået hadde lært meg å sitte i ro og skrive fleirfoldege timar i strekk, ein god eigenskap å ha, no som eg skulle skrive roman.
Å skrive Vinterhjerte var heilt herleg. Alt flaut så fint, eg møtte alle hindringar med entusiasme og pågangsmot. I februar 2008 signerte eg med Cappelen Damm, som ringte ei knapp veke etter at eg hadde posta manus, og ville skrive kontrakt på dagen. No, hausten 2008, går minstemann i barnehagen saman med storebror på fire, Vinterhjerte skal lanserast i midten av september og eg er i gang med ei ny bok. Eg gler meg til fortsettinga!